Odveig_Klyve_port-6

Odveig Klyve er tildelt Herman Wildenveys Poesipris 2025 for hennar siste bok «Fordi du er»

Overrekkinga av prisen skjer i Stavern 16. juli. Me gratulerer.
Herman Wildenveys poesipris for 2025 blir tildelt Odveig Klyve frå Hardanger for hennar siste diktsamling «Fordi du er».

– Klyve er ein engasjert forfattar, og denne diktsamlinga er ein uhyre aktuell kommentar til vår tids krigar som fører til menneskelege lidingar som me knapt kan fatta, heiter det i Wildenveykomitéen si grunngjeving.

Odveig Klyve debuterte i 1993 med diktsamlinga «Rift» og har sidan skrive fleire verk i ulike sjangrar.

Prisen har vore delt ut kvart år sidan 1986 til lyrikarar eller personar som har fremja interessa for poesi. Blant tidlegare vinnarar finn me Jan Erik Vold og Kolbein Falkeid.

I Klyves nyaste diktsamling skriv Klyve mellom anna om krig, pandemi og flukt. I tillegg inneheld samlinga eit dikt med tittelen «Skjelv du» som er direkte retta mot Russlands president Vladimir Putin.

– Ho har eit språk som er lett, eit innhald som er konkret, og ein insisterande humanistisk buskap som trengst meir enn nokon gong i vår skakkøyrde verda, seier komiteen i ei pressemelding.
 
13.03.2025