Skulpturen "Fruktstigen" er avduka på Nå. Avdukingsseremonien gjekk føre seg i bygdaparken på Nå laurdag12. juni. Kunstnar Svein Nå er fødd, oppvaksen og busett på Nå, og fekk i oppdrag av Vikebygdkrinsen å tenkja ut ein skulptur som kunne passa der.
Hardanger Folkeblad skriv:
"Nå er ein kunstnar godt forankra i tradisjon og lokalhistorie, og fann inspirasjon nett i det. Ein symboltung fruktstige vart teikna, medan skulpturen er laga i smijarn av elevar ved smedlinja i Odda, under rettleiing av meistersmed og lærar Michl Wunderlich."
Les heile saka HER (krev innlogging).
Svein Nå er ein allsidig kunstnar som og har bidrege mykje til Harding Puls sine prosjekter. Denne sommaren visar han og arbeider i Lensmannsstova på Agatunet, saman med Ingunn van Etten og Felicitas Aga.
Foto: Johild Mæland