Benedicte Maurseth turnerer med Hárr
Benedicte Maurseth med musikarar held konsertar i Bergen, Øystese, Oslo og Moss med tingingsverket Hárr.
Om verket:
Hárr er eit tingingsverk av Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med dei mesisterlege musikarane Mats Eilertsen og Håkon Stene, med fl. til Hardanger Musikkfest i 2019. «Hárr» er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda. Verket er såleis ein hyllest til dyreliv og fjellfolk frå Maurseth sine heimtrakter i Hardanger, og Arne Næss sin miljøfilosofiske retning økosofi.Som folkemusikarar alltid har gjort står også Maurseth open i sin samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken.
Albumversjonen av verket Hárr vert lansert på Hubro Records januar 2022.
Les meir om verket og framføringa, og kjøp billett til konsert i Øystese HER.
Utgjevinga HEILO kan førehandtingast HER.
Foto: Øystein Haara