Utstillinga opnar i Galleri Bergslien, Eidfjord, 27. august kl. 18. og vert ståande til og med 10. oktober. På opninga vert det musikalsk innslag ved Rannveig Djønne og opningstale ved Ingebjørg E. Astrup.
Naturen kring oss her i Hardanger er vakker og kan til tider verka overveldande. Eit bilete av denne naturen er alltid berre eit utsnitt. Det er kunstnar Solfrid Aksnes tydeleg på i si siste utstilling, som ho har kalt nettopp «Utsnitt». Her har ho våga å ta utsnitt, og framheva enkelte delar av denne naturen, og tolka den på ulike sett. Gjennom kunstnarkarrieren har Aksnes jobba med mange teknikkar, og til denne utstillinga har ho gått attende til grafikken og tatt i bruk tresnittet som uttrykk. Motiva krinsar i stor grad rundt naturen og spesielt fjella som er så nære oss her i Hardanger.
- Eg treng ikkje reisa andre stader for å finna inspirasjon. Tvert imot treng eg å vera i eit landskap lenge før eg kan kjenna eigarskap til det og arbeida med det, og for meg er fjella her som nokre bauta. Dei har prega generasjonar før oss og står her for generasjonar etter oss, seier Aksnes.
Solfrid Aksnes (f . 1953) er utdanna grafikar, busett i Norheimsund og har arbeida som kunstnar i heile sitt yrkesaktive liv. I over 20 år har ho vore leiar av kunstnargruppa Harding Puls, som har vore ein viktig drivkraft for kunst og kulturlivet i Hardanger. Etter at ho forlot styrevervet i 2020 har ho for første gang på lenge fordjupa seg i eigne arbeider. «Utsnitt» er dels eit resultat av dette arbeidet, men utstillinga er også retrospektiv. Om lag halvparten av utstillinga er via fotocollager som Aksnes har skapt i løpet av dei siste 15 åra, og også her er fjell eit av dei gjennomgåande motiva.
Sjå presentasjon av Solfrid og arbeida hennar her: