MASKE%20SoME11%20copy

Harding Puls-stipendet 2023 vart tildelt Reidun Horvei til prosjektet "Møte med eiga maske"

Det har ført til ei lang rekkje framføringar med fire Harding Puls kunstnarar i 2024.
Konsertprosjektet "Møte med eiga maske" er inspirert av kunstnarskapen til Lars Gunnar Polden som bur i Osa i Ulvik herad.  MEIR INFORMASJON HER.

Konsertprosjektet er no i full gang med sin haustturné, som strekkjer seg over fleire stader på Vestlandet og i Møre og Romsdal.
Reidun Horvei sitt arbeid fekk støtte frå Harding Puls-stipendet, og turnéen er eit konkret eksempel på kva dette har mogleggjort.

Datoar og stader for haustturnéen 2024:

18.09 Voss Kyrkje
24.09 Surnadal Kulturhus
01.10 Hyllestad Kyrkje
15.10 Meieriet Frekhaug
17.10 Elvatun Ungdomshus, Ulvik
22.10 Fana Kulturhus
01.11 Odda Bibliotek

I tillegg vil fleire datoar bli publisert fortløpande på
www.onen.studio. Prosjektet kjem også til å gjennomføra plateinnspeling
med påfølgjande sleppturné hausten 2025.

Prosjektet er støtta av:
Harding Puls, Norsk Komponistforening, Komponistenes vederlagsfond, Kulturrådet, FFUK, Vestland fylkeskommune, Regionalt kulturfond Hardanger, Eidfjord Kommune,
Ullensvang kommune, Ulvik herad, Surnadal kommune, Bergen kommune, Voss Sparebank, Hyllestad kyrkje m.fl.
 
18.09.2024