Svein-bilete-thumbnail-1800x1200-q98

Svein Nå opnar utstilling i KRAFT Bergen fredag 28. mars. Utstillinga står til 25. mai 2025

Utstillinga markerer 50-års-jubileet for Norske Kunsthandverkere.

Tradisjon handlar om det vi har til felles. Det vi deler med andre menneske, som knyter oss saman og flettar oss inn i ein større heilskap. Somme tider handlar dette om kvar vi bur og har kvardagane våre, om landskapet vi lever i, og maten det gjev oss. Men det kan òg handle om kulturen vi utviklar i fellesskap – handlingar og kunnskap overført mellom generasjonar over tid, slikt som kjem til uttrykk i spesifikke veremåtar, språk eller kunst.

Bilete av Svein Nå står tradisjon sentralt. Svein Nå er fødd og oppvaksen i den vesle bygda Nå i Hardanger, eit landskap prega av steile fjell og lange fjordarmar, der pragmatisme og nevenytte har vore nødvendige eigenskapar for å leve. Men hardingane er òg kjende for sitt solide handverk, kunstnariske sans og livsbejaing – brurekroner, eplesider, saum og båtar er berre nokre få eksempel på sterke identitetsberarar frå området. Det er i dette kulturelle fellesskapet Svein Nå har lært seg sjølv å veve. Ved å nytte ufarga ull frå lokale sauer arbeider han i ein fargepalett som strekkjer seg frå kvitt til gulaktig, gråleg og djupt svart, der ullas tekstur og taktilitet kjem tydeleg fram. Vevnadane er ofte store og står fram som sider i ei pågåande bok, der symbolikken vekslar mellom det velkjende og det framande. Stigar, kyrkjer, hestar og tre vert vevde inn i margen, side om side med krokbragder. Denne vevteknikken er kjend frå mellom anna Hardangeråkle, og vert i Nås univers omarbeidd som eit kryptisk alfabet. Linje på linje med eit utilgjengeleg, men likevel velkomande bodskap. Overgangen er glidande: Er det bokstavar eller kanskje menneske som utgjer motivet? I fleire av vevnadane finst eit spenn av kontrastar. Enkle linjer vert til lada symbol, kjende former framstår plutseleg tvitydige – familiære, men fulle av løyndom. Slik er det òg med tradisjonen sjølv: Han markerer eit tydeleg fellesskap, men har òg potensiale til å synleggjere alt som fell utanfor, som er annleis eller skoren over ein annan lest. På same måte kan bratte fjell og vakre fjordar vitne vel så mykje om dramatikk som om heimekjensle. I Nås vevnadar finst det rom for kontrastar. Dei famnar like mykje om etablerte tradisjonar som ukjende horisontar, trekkjer trådar frå fortid til notid og inviterer oss inn i eit møte mellom hand og materiale – som var det ei opa bok.

Svein Nå (f. 1944, Noreg) er sjølvlært vevar frå Nå i Hardanger. Han har stilt ut mellom anna ved Dagali Museum, Hardanger folkemuseum Utne, Puls Galleri, Sunnfjord Kunstlag, Vestlandsutstillinga og Agatunet. Verka hans er kjøpte inn av Sola kommune, Jan Groths samling i Rogaland Kunstmuseum, Vikebu skule på Nå, skulptur på Bygdaplassen og av Hardanger kommune som gåve til det nye fylkeshuset i Vestland, Bergen.

 
 
20.03.2025