Opning av ODDArT, lunsjkonsertar og føredrag på
Odda biblioteket
Torsdag 29. aug kl. 12:00
Opning ved Lisbeth Bygstad og lunsjkonsert ved Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim.
Fredag 30. aug kl. 12:00
Arpad og Laura Buta som spelar og syng
Fredag 30. aug kl. 12:30
Føredrag ved Finn Måge. "Knud Knudsen Bustetun som fruktdyrkar og planteskolemann"
Laurdag 31. aug kl. 12:00
Lunsjkonsert ved Ragnhild Opedal Tveit , Torjørn Dagestad og Annette Torvund.
Utstillingane i Lindehuset
Inspirert av Knudsen – regionale kunstnarar
I møte med naturen – Knud Knudsen-foto
Er opne torsdag kl. 13 – 20, fredag og laurdag kl. 11 - 18
Kunstnarane som deltar i "
Inspirert av Knudsen" :
Else Karin Tysse Bysheim - Installasjon
Ingunn van Etten - maleri
Marie Skeie - objekt
Felicitas Aga - maleri
Solfrid Aksnes - fotocollage
Judith de Haan - tresnitt
Anne Hesvik - maleri
Lars Korff Lofthus - maleri
Åse Berit Skeie Ulltang - tusjteikning
Silje Solvi – foto
Opning og omvising i utstillingane i Lindehuset
Torsdag 29. august kl 13:00
Opning av Utstillinga "Inspirert av Knudsen"
Torsdag 29. august kl. 13:00 og kl. 19:00
Fredag 30. august kl. 13:00
Omvising ved kunsthistorikar Torild Gjesvik
Me er svært glad for å få Torild Gjesvik til å ta publikum med på 3 omvisingar på torsdag og fredag i desse to utstillingane. Gjesvik er også kunsthistorikar.
Laurdag 31. august kl. 16:30
Omvising med kunstnarane og Brita Jordal
På denne siste omvisinga vil kunstnarane seie noko sine eigne arbeid.
Utstillinga i Litteraturhuset, 2. etg
Det blinde øye – fotoutstilling av Rune Eraker
Ope torsdag kl. 17 - 20, fredag og laurdag kl. 11 - 18
Torsdag 29. august kl. 17:00
Opning
Fredag 30. august kl. 18:00
Eraker fortel om sitt arbeid
Eraker er invitert til ODDArt med sine sterke foto som handler om: Det store spørsmålet. Spørsmålet om vi velger å se. Eller om vi velger å vende det blinde øye til.
for det som skjer kring i verda
.
Denne utstillinga skal stå fram til og med Litteratursymposiet i Odda.
Samtale om Knud Knudsen
Torsdag kl. 18.00 på Litteraturhuset
Torild Gjesvik og Åsne Digranes i samtale leia av Else Marie Sandal.
Torild Gjesvik har vore i Odda fleire gonger å presentert boka si om Knudsen som kom ut i fjor. ”Fotografen Knud Knudsen. Veien, reisen, landskapet ” Denne gongen skal me høyre ho i samtale med Åsne Digranes.
Åsne Digranes jobba i mange år på Universitetsbiblioteket si billedsamling med stor kjennskap og ansvar til Knudsen saminga. Ho har og vore medforfattar i boka ”Det norske bildet. Knud Knudsen fotografier 1864-1900”
Else Marie Sandal som nettopp har avslutta som leiar for forprosjektet til eit eventuelt Knudsen-senter vil leia samtalen mellom Gjesvik og Digranes
Djønne & Børsheim - konsert
Torsdag 29. august kl. 20.00 i Litteraturhuset.
Rannveig Djønne på toradar og Annlaug Børsheim på hardingfele, gitar. Dei har i ei årrekkje arbeidd saman som musikarar og komponistar, men dei er også godt kjende utøvarar kvar for seg. I sommar fekk dei braksuksess med Tingingsverket "Husmann" laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik saman med forfattaren Ruth Lillegraven.
På ODDArT vil me mellom anna få høyre utdrag frå dette Tingingsverket.
Det er berre å gleda seg.
Roar Engelberg og Torgeir Kinne Solsvik - konsert
Laurdag 31. august kl. 18.00 i Litteraturhuset.
Roar Engelberg - panfløyte
Torgeir Kinne Solsvik - piano
Dette vert ein flott konsert. Programmet vil bestå av kjende melodiar av Grieg , Kreisler , Rachmaninov og Mozart. I tillegg vil Engelberg sitt samarbeid med den rumenske komponisten Constantin Arvinte også vera representert i programmet
Roar Engleberg var den fyrste profesjonelle utøvar i Skandinavia som utvikla panfløyta til å verte eit fullverdig soloinstrument. Han er kjent for eit breitt publikum gjennom ei rekkje radio- og TV- opptreden og han har gitt ut 17 soloalbum.
Torgeir Kinne Solsvik er harding. Han er ein allsidig musikar og rolla som pianist er jamt fordelt mellom solist, kammermusikar og akkompagnatør. I tillegg har dirigering og korarbeid fått ein stadig større plass i den musikalske kvardagen hans, samt orgelspelinga til alle livets fasar.