452080240_464398313037385_5655923013008457183_n

Lars Gunnar Polden stiller ut i Galleri N. Bergslien i Eidfjord.

Opning 22. august med konserten "Møte med eiga maske" inspirert av Polden.
Velkomne til utstillinga “Tvisyn” av biletkunstnar Lars Gunnar Polden. Styreleiar i Harding Puls, Inger-Kristine Riber held opningstale og konserten «Møte med eiga maske» inspirert av Polden sine bilete og tekstar er ein del av opninga.
 
18:00 konsert «Møte med eiga maske» (kinosal)
19:00 utstillingsopning (Galleri N.Bergslien)

Arrangementet har gratis inngang.

Lars Gunnar Polden (1951-) sin kunstnarlege karriere er farga av talrike kollektiv- og solo-utstillingar. Han har delteke i større norske utstillingar som Haustutstillinga, Vestlandsutstillinga og Hordautstillinga.  Arbeida hans har vore presentert frå tidleg  1970 i galleri over heile Noreg. Kunsten hans er kjøpt inn av mange prestisjetunge samlingar inkludert Norsk Kulturråd og Oslo kommunes samlingar. www.osa.no

Lars Gunnar Polden sin kunst er prega av sterke fargar, humoristiske innslag og eit djupt bodskap. Han nyttar eit breitt spekter av teknikkar, inkludert olje på lerret, kol, pastell, akvarell og radering. Verkene har ofte dramatiske komposisjonar, og han arbeider i ulike motivkretsar som spenner frå små teikningar til store måleri. Eit kjenneteikn ved Polden sine bilete er titlane, som gjerne er humoristiske og har ein dobbel botn. 
 
20.08.2024