Lars%20K%20Lofthus

Boklansering og kunstnarsamtale mellom Lars Korff Lofthus og Geir Haraldseth 23. august

i samband med Lofthus si utstilling i Kristiansand Kunsthall

Lars Korff Lofthus er aktuell med utstillinga Jeg bæres frem til törstig Mand ved Kristiansand Kunsthall (22. juni–1. september). Det vert boklansering og kunstnarsamtale der Lars Korff Lofthus fortel om arbeidet sitt, saman med Geir Haraldseth, kurator ved Nasjonalmuseet.

I anledning utstillinga, blir også boka ATTRÅ lansert denne kvelden – ei bok om kunsten til Lofthus, med fokus på måleri, skulptur og trykk frå dei siste fem åra. Boka, som er ein såkalla kunstnarmonografi, tilbyr ei intim fordjuping i ei biletverd der vestlandsnatur, skeivt begjær og folkekunstuttrykk eksisterer side om side.
I tillegg til tekstar skrivne av Merete Jonvik, Bjørn Hatterud og kunstnaren sjølv, inneheld boka eit omfattande biletmateriale. Mellom anna kan du finne foto av Lofthus sin rikhaldige måleriproduksjon, bilete frå kunstnaren sitt atelier og heimstaden hans i Hardanger.
Boka tilbyr også lesaren eit innsyn i prosessane bak arbeida, gjennom utklipp, bakgrunnsmateriale og skisser henta frå kunstnaren sitt eige arkiv.

ATTRÅ er utgitt av Entrée. Boka er utforma av designar Øystein Arbo, Bent René Synnevåg er fotograf og Cecilie A. Størkson har vore redaktør.

20.08.2024