_DSC8181

Simone Hooymans sine verk på nye Deichmanske bibliotek i Oslo

Videoverket Talking Plants er spesiallaga for opninga av Oslos nye folkebibliotek.
Simone Hooymans har fått oppdrag å smykka ut deler av nye Dechmanske bibliotek, som opna i Bjørvika 18. juni. Verket hennar Plantenes stemmer/Talking plants er spesiallaga for opninga av biblioteket, og er å finna i avdelinga for skjønnlitteratur, der det skal vera i om lag eit halvt år.

Videoinstallasjonen syner ei fiktiv botanisk verd med eit lydbilete satt saman av tolv utvalde nasjonale og internasjonale musikarar (mellom anna Harding Puls-medlem Benedicte Maurseth). Miljøet vi møter i videoverket er og gjengjeve i tapet som dekker begge sider av nisjen.

Sjå meir på Simone Hooymans si nettside.

Alle foto: Øystein Thorvaldsen
24.06.2020