Laurdag 28. august opnar Galleri G. Guddal i Rosendal ny utstilling, med kunstnarane Simone Hooymans, Åse Anda og Ingrid Haukelidsæter.
Galleriet sktiv om Simone Hooymans:
Simone Hooymans (f.1974), er ein av dei fremste animasjonskunstnarane i Norge i dag og har vunne ei rekkje prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simones handteikna animasjonar er kjenneteikna av fantastiske fargar og fascinerande rørsler som sug sjåarane med seg inn i nye univers.
Ho arbeidar primært med teikning og animasjon. Nyleg markerte ho seg under opningsutstillinga på Deichman sitt nye hovudbibliotek i Bjørvika, med ein større videoinstallasjon “Talking Plants”.
Ho vann seinast publikumsprisen for beste animasjon under animasjonsfestivalen ReAnima i
Bergen i november 2020 for filmen «Ras».
Les meir på galleriet sine nettsider
HER.
Utstillinga er open i helgene , og heng til 10. oktober.
Biletet er frå Hooymans sitt vrk "Talking Plants".