Galleri Bergslien i Eidfjord viser i sommar utstillinga
Tilvære av Åse Berit Skeie Ulltang. Ei utstilling om eksistensen, om det som ER – akkurat no.
Til denne utstillinga viser Skeie Ulltang både fargerike collage, samt svart/kvitt bilete laga av hanji, rispapir og blekk.
Utstillingsperiode: 11.06.- 16.08.2020
(sjå eksakte opningstider på galleriet si heimeside
HER)
Meir om utstillinga:
Åse Berit Skeie Ulltang (f.1964) jobbar med collage og akrylmåleri. Ho har budd mange år i Sør-Korea, noko som gav innblikk i og kunnskap om nye materiale og teknikkar. Handlaga koreansk papir, hanji, har heilt særeigne kvalitetar når det gjeld tekstur, styrke og farge. Gjennom kurs i tradisjonell koreansk måleteknikk på rispapir, og kurs i å lage bruksgjenstandar av hanji, vart Skeie Ulltang kjend med eit materiale som tiltalte henne spontant. Det koreanske papiret er laga av den inste barken på koreansk morbærtreet, og står i ei særstilling når det gjeld styrke og haldbarheit. Det heiter at silke kan vare i 500 år, mens hanji varer i 1000 år. Framleis er det nokre få koreanarar som tek vare på denne handverkstradisjonen , og for Skeie Ulltang er eitt ark hanji eitt kunstverk i seg sjølv. Det er med stor respekt ho nyttar papiret i sine collage og måleri.
Fargar er visuelle impulsar som har sterke subjektive emosjonelle preferansar. Gleda og undringa over fargenyansar, og spenninga i å sette opp ulike fargar mot kvarandre, er ei viktig drivkraft for Skeie Ulltang. Ein farge kan ikkje definerast åleine, den treng ein annan farge ved sida av seg. Ved å sette saman papir i ulike former, størrelsar, fargar og valørar nyttar ho verkemiddel som rom, overlapping og transparens. Skeie Ulltang ser mange parallellar mellom fargerelasjonar og menneskelege relasjonar. Rommet du er i endrar seg alt etter kven og kva som fyller det, og som menneske eksisterer me og utviklar oss i relasjon til andre. Det er i møtet med andre du blir til.
Eit anna viktig verkemiddel Skeie Ulltang tek i bruk er meditative eller energiske blekkstrekar der penselstrøka visuelt uttrykker rørsler og kjensler i augneblinken. Streken vert eit bilete på kor flyktig tida er, og eit visuelt teikn på kor du er – akkurat no.
For Skeie Ulltang er prosessen viktig når ho lagar bilete. I sine collage nyttar ho handlaga papir som ho riv i sund eller skjer ut i former, som ho så set saman til nye uttrykk. Prosessen er spontan og intuitiv, men òg reflekterande og vurderande undervegs. Vekslinga mellom å vere improvisatorisk og ikkje ha kontroll, for så å stoppe opp og reflektere og vurdere det som skjer, er essensiell i måten Skeie Ulltang jobbar på.
Kunstnaren er opptatt av undring, og det abstrakte biletspråket som kan opne opp for eigne refleksjonar, assosiasjonar og tolkingar. Kva minner ei form eller ein farge oss om? Kva assosierer me ein figur eller ein strek med? Det er ingen fasitsvar på kva bileta førestiller, det er opp til tilskodaren å avgjere. Skeie Ulltang finn sin inspirasjon i natur, samspel og endring, og ho er opptatt av å sanse, undre seg og å vere her og no. Som vestlending er ho glad i å gå i fjellet, og mange av bileta hennar kan gi assosiasjonar til natur og organiske former.
Skeie Ulltang er medlem av Norske Billed Kunstnere (NBK), Bildende Kunstneres Forening Hordaland (BKFH) og Harding Puls. Ho har delteke på mange utstillingar både utanlands og i Noreg. Skeie Ulltang har si utdanning frå Kunstskulen i Bergen, i tillegg til fleire kurs innan teikning og måling både i Norge og Sør-Korea. I tillegg er ho sjukepleiar, gestaltrettleiar og karriererettleiar, og er spesielt interessert i mellommenneskelege relasjonar. Ho har atelier i andre etasje i Os Stasjon, Osøyro.
Sjå meir på kunstnaren si eige nettside
HER.